torsdag 27. august 2009

Fuglane

"Du er som eit lyn du!" Slik startar romanen opp. Mattis som seier det vert stolt over sine egne ord, og tvert er det klart for lesaren, at her har vi med å gjere med ein som ikkje akkurat er eit lyn sjølv.

Mattis bur i ei lita stove attmed ein sjø saman med søstra si, Hege. Mattis er ein tulling. Det er i alle fall det folk seier om han. Det veit han.

I mange år har bokryggen Fuglane av Vesaas vendt meg ryggen og eg har tenkt at ho vil aldri bli lest. Det er faktisk to utgåver av Fuglane som har vendt meg ryggen, ein hardback (tøff rygg) og ein pocketutgåve. Eg valde lommeutgåven. Eg har ikkje angra. Etter å ha hatt boktittelen foran meg i så mange år hadde eg gjort meg nokre tankar om korleis den boka var, vanskeleg og full av tung symbolbruk. Sjølvsagt var ho ikkje som eg hadde tenkt.

La det vere sagt: Det er action her, men boka kom i 1957 (Vi snakkar ikkje playstation-acton). Mattis vert sendt ut for å arbeide rundt omkring på gardane. Han får det ikkje til. Han ser på dei andre som får det til. Han ser og at dei andre ser på han som ikkje får det til. Ein gong er han med og på å tynne turnips (= neper). Han prøver å vere kar og seier slike ting som karar seier, men han legg merke til at dei han skal arbeide med byrjar å byte augekast. Når han tek til å arbeide kjem tankane hans og slår seg vrange.

Det er faktisk ei god historie. Og ho er utruleg godt fortald. Mattis er ikkje den som fortel, det er ei forteljing i 3. person. Trass i det så ser vi verda med auga til Mattis. Det er ganske underleg, for Mattis vert jo rekna for å vere ein Tust, men han ser kanskje meir enn andre. Eg kjende igjen barnet i meg i Mattis. Han som ser sammanhengar som kanskje ikkje er der. Ein kan smile av Mattis, men samstundes er det nesten umogleg å flire av han (Vi vert for godt kjent med han til det).

Mattis som er berre tre år unna 40 år tør knapt å sjå på jenter. Han kan nesten ikkje snakke med folk. Men så møter han ein gong to jenter som ikkje veit kven han er. Det er ganske utruleg, men då får han spille helt. Fantastisk scene!

Kva meir? Jo fuglar og ferjemann og framandkar og fluesopp. I den rekkefølgen. Eg får meg ikkje til å fortelje slutten. Boka er god, ho er ikkje av ei lettaste, men ho er fin som berre det. (Kan ikkje anna enn få godhug for Tusten)

Noko av det finaste med boka er at ho teknar eit så godt bilete av eit menneske som er annleis. Så godt faktisk, at ein byrjar å undra seg på om ikkje alle eigentleg er annleis.